BOKLANSERING | Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet

Antologien ‘Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet’ inneheld eit vidt spekter av uttrykk: dikt, essay, artiklar, foto, manifest og kunstverk. Dei handlar alle om tema relatert til våre natursyn og vår forvaltning av naturressursane. Boka har fått namnet sitt frå paragraf 2 i den norske havressurslova: Dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet.
Kva kan lover og forvaltning fortelja oss om forholda vi har til naturen og til omgjevnadane våre? Og kva kan kunst gjera i relasjon til klimakrise og miljøproblem?

Redaktørane, Randi Nygård og Karolin Tampere, vil introdusera boka, før vi lyttar til torsk som brummar under gyting, og til Søssa Jørgensen som presenterer den tilhøyrande Loggboka frå Sørfinnset skole /the nord land. Michelle-Marie Letelier, biletkunstnar frå Chile, vil snakka om tema relatert til hennar tekst i boka, ‘On Exceptionalism’, og Inger Elisabeth Hansen vil lesa eit utval av sine dikt. Til slutt høyrer vi ei innspeling av sangen Kings of the Rivers av biletkunstnar Christy Gast.

Lett servering – og spesialpris på boka!

Publikasjonen er del av Ensayos, eit prosjekt der kunstnarar, lokalbefolkning og forskarar, både natur- samfunnsvitarar, over fleire år studerer og engasjerer seg i tema knytta til politisk økologi. Ensayos blei starta på Ildlandet i Chile i 2011 av kurator Camila Marambio.http://ensayostierradelfuego.net/

Boka er støtta av Norsk kulturråd og Billedkunstnernes vederlagsfond.

Design av David Benski, http://davidbenski.com/

I boka har følgjande kunstnarar, forskarar, fiskarar og poetar bidrege: 
Christy Gast, Geir Tore Holm, Søssa Jørgensen, Amy Franceschini and Futurefarmers, Jahn Petter Johnsen (Norges fiskerihøgskule, UiT), Solveig Bøe (NTNU, Trondheim), Jason Hall-Spencer (Plymouth University), Inger Elisabeth Hansen, Alejandra Mancilla (UiO), Lise Doksæter Sivle (Havforskningsintituttet i Bergen), Paul Wassmann (UiT), Camilla Brattland (UiT), Michelle-Marie Letelier, Georgiana Dobre, Camila Marambio, Camilla Renate Nicolaisen, Maja Nilsen, Munan Øvrelid, Cecilia Vicuña, Erik Solheim (Direktør for FN sitt miljøprogram, UNEP), Kjersti Vetterstad, Georgiana Dobre, Camila Marambio, Sarita Gálvez, Barbara Savedra (Direktør for Wildlife Conservation Society, Chile), Arne Johan Vetlesen (UiO) og Amy Balkin.

Når: søn 21. jan 2018 15:00 - 17:00
Kategori: