Kjetil Berge
Ved opphaldet mitt på W17, i Kunstnernes Hus vil eg læra tyrkisk.
Akkurat korleis og på kva måte eg får det til vert arbeidet eg lagar under opphaldet.
Utgongspunktet mitt er å kontakte det tyrkisk norske samfunnet i Oslo. Utvekslingar og interaksjonar eg gjer for å læra meg tyrkisk vil leia og informera prosjektet ettersom det utviklar seg.
Atelieret vil som eit opent studio, vera ein stad for transaksjonar, omsetjingar og utvekslingar. Ein ide er å ha ein tyrkisk setning som ein inngongs bilett. Eg vil organisera ein serie med utvekslingar mellom andre kunstnarar og assosierte som blir inviterte til å syna arbeid eller forlesa over tema knytta til intimitet, utveksling og omsetjing. Tilstelningane er opne for alle.
Eit viktig aspekt ved dette arbeidet vil vera tilhøvet mellom intime og sosiale stader utforska gjennom kva som kan verta mista og funne gjennom oversetjing. Eg vil sjå på oversetjing som ein prosess der vi aldri har heilt kontroll over kva som er overført. ALYANS er det tyrkiske ordet for giftering og har klare ekko av ordet "allianse" med sine politiske assosiasjonar. Ideen kjem frå at partnaren min som har tyrkiske foreldre og er oppvaksen i London har fridd. Dette oppleves vanskelig i ein tradisjonell tyrkisk familie.
Eg forlot Norge som immigrant til England og vil med dette prosjektet, koma attende til Oslo for den lengste perioden sidan eg forlot landet for 21 år sidan. Prosjektet vil vera ein måte å kobla saman mine intime og sosiale forbindelser til Norge, Tyrkia og England. Eg likar å tenkje at prosjektet danner ein kuturell, personlig og politisk nexus.
Relaterte artikler
Opening hours:
tuesday-wednesday 11am-4pm, thursday-friday 11am-6pm, saturday-sunday 12pm-6pm, monday closed.
Tours:
Sunday 2pm tilbyr
a free tour is included in admission fee.
Tours can be booked here:
post@kunstnerneshus.no
eller se Kontakt oss.
Prices:
Adults: 50,- Senior Citizens/
Students/Artists/
Groups of 10: 25,- School classes: 15,- pr. pupil.
Children under 16 free admission.